Last ned dokumentet med teksten under her. 

Til alle mellom 18 og 64 år i Kviteseid kommune

Vaksinering mot Koronaviruset har vi kome godt i gang med i Kviteseid kommune. Dei som bur på sjukeheim og dei fleste over 83 år er vaksinerte. Dei fleste som arbeider i helsevesenet har og fått vaksine.

Det er for augeblikket 2 hovudtypar av vaksine godkjent i Noreg. Den eine er førebels berre godkjent for personar i aldersgruppa 18-64 år. Den andre hovudtypen kan nyttas av alle. I og med vi har fått tilgang til denne vaksina som berre er godkjent for folk i aldersgruppa 18-64 år, får difor folk frå 64 år og nedover tilbod om vaksine, sjølv om vi ikkje enno har fått fullført vaksinering for dei som er eldre.

Vi har namneliste på alle innbyggjarane i Kviteseid kommune, og alle innbyggjarar blir ringt opp med tilbod om vaksine når vi har tilgang til vaksine. Vi får informasjon om kor mykje vaksine og kva slags vaksinetype vi får ca. 1 veke før vaksineringa skal skje. Det er difor travelt å få satt opp timelista for vaksinasjon. Vi ringer til folk for å informere om vaksinetilbod og tidspunkt. Vi tek kontakt med folk jamfør prioriteringar. Det er viktig at alle svarer på telefonar, slik at de kan få vaksinar i rett rekkefølgje.

Prioriteringsliste for vaksinasjon bestemt av FHI og er foreløpig:

  1. Sjukeheim og tilsvarande institusjonar
  2. Eldre enn 85 år
  3. Mellom 75 og 84 år
  4. Mellom 65 og 74 år OG samstundes prioriterast personar i aldersgruppa 18-64 år som har ein av sjukdommane i sjukdomsliste A
  5. Mellom 55 og 64 år med sjukdommar i sjukdomsliste B
  6. Mellom 45 og 54 år med sjukdommar i sjukdomsliste B
  7. Mellom 18 og 44 år med sjukdommar i sjukdomsliste B
  8. Mellom 55 og 64 år
  9. Mellom 45 og 54 år

Sjukdomsliste A

  • Organtransplantert
  • Immunsvikt
  • Hematologisk kreftsjukdom dei siste 5 åra
  • Anna aktiv kreftsjukdom med pågåande eller nyleg avslutta behandling. Dette gjeld spesielt immundempande behandling, strålebehandling mot lungene eller cellegift.
  • Nevrologisk sjukdom eller muskelsjukdom som medfører nedsett hostekraft eller lungefunksjon (her er det mange sjukdommar som tel, men døme er ALS og Down syndrom)
  • Kronisk nyresjukdom eller betydeleg nedsett nyrefunksjon

Sjukdomsliste B

  • Kronisk leversjukdom eller betydeleg nedsett leverfunksjon
  • Immundempande behandling som ved autoimmune sjukdommar
  • Diabetes
  • Kronisk lungesjukdom, inkludert cystisk fibrose og alvorlig astma som har medført bruk av høge dosar inhalasjonsstereoider eller stereoidtablettar siste året
  • Fedme med kroppsmasseindeks (KMI) på 35 kg/m2 eller høgare
  • Demens
  • Kroniske hjerte- og karsjukdomar (gjeld ikkje dei som berre har høgt blodtrykk)
  • Hjerneslag

Dette brevet vert lagt ut elektronisk på heimesida til Kviteseid kommune. Alle mellom 18 og 64 år får beskjed via SMS om å gå inn på heimesida for å få informasjon. Det blir også kvar veke gjeve informasjon om vaksinasjon i kommunen på heimesida.

Om det er nokon som ut frå informasjonen på kommunens heimeside meiner at dei skulle ha hatt vaksine, eller om ein har spørsmål om vaksina kan ein ta kontakt med helsesenteret på tlf. 48 26 47 86 (Ann Kristin Nordbø) eller 97176454 (Tone Heggtveit).

Beste helsing  

Anne Ruth Syrtveit Mikalsen, Kommuneoverlege