Frå feb. 2020 er hentefrekvensen på avfallet hjå kvar abonnement endra, kvifor?

Sjå www.renovest.no for meir info.

Økonomisk vekst og forbruk gjer at avfallsmengda held fram med å vakse i Norge. Målet er å produsere mindre avfall, samtidig som vi utnyttar ressursane betre.

EU vedtok i 2018 eit nytt avfallsregelverk som inneberer at materialgjenvinning for hushaldsavfall og avfall frå næringslivet skal aukast til 65 % i 2035. Følgeleg har Klima- og miljødepartementet utarbeida eit forslag til forskriftsregulering av krav til utsortering og materialattvinning av biologisk avfall og plastavfall. 

Prinsippa

I avfallspyramiden grunngjev ein grunnprinsippa for avfallskretsløpet.

  • Øvst står prinsippet om avfallsreduksjon– det å produsere mindre avfall.
  • Punkt nummer to er attvinning/ombruk– det å bruke ting på nytt.
  • Det tredje punktet handlar om materialattvinning– det å lage nye ting med brukt materiale.
  • Fjerde prinsipp handlar om energiattvinning– det å brenne og utnytte restenergien positivt (for eksempel varmen).
  • Det siste punktet, punkt fem, handlar om deponering– det å legge avfallet på dynga, eller andre forsvarlige oppbevaringsstader

Basert på dei overordna måla og nasjonale føringar har vi valt å endre tømefrekvensen på restavfall og papp/papir til tredje kvar veke.  Vi utvidar henteordninga med ein fraksjon glas-/ metallemballasje, og erstattar den gule plastsekken for innsamling av emballasjeplast med dunk. Har du ekstra mykje papp/papir, kan dette leverast gratis på gjenvinningsstasjonane.  Du kan og sette igjen pappemballasjen i forretninga når du kjøper noko.

Kjeldesorterer du avfallet ditt godt, vil restavfallet gå ned, dette viser plukkanalyser som er utført.