Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
A A A

Innsamling til flyktningar

Publisert , Oppdatert 25. april 2022
Ukrainsk flagg

Kviteseid kommunen vedtok i kommunestyret 07.04.2022 å motta 25 flyktningar frå Ukraina. Vi ruster oss nå for å ta dei imot på ein profesjonell og menneskeleg måte. Da det er usikkert når dei kjem, ynskjer vi i fyrste omgang å kartlegge kva som finnes av utstyr «der ute». Reint generelt har vi trong for:

  • senger – køyesenger, sprinkelseng/barneseng
  • syklar i alle størrelsar/hjelmar
  • diverse leikar
  • sofa, bord, kommode
  • klede, sortert på str. I utgangspunktet sumarklede

Det er viktig at alt som blir levert inn er vaska, i god stand og klart til bruk. Klede vil vi gjerne motta i pappask eller liknande.

Korkje kommunen eller frivilligsentralen har lagringsplass, så vi ynskjer altså nå i fyrste omgang å kartlegge kva de kan avsjå. Meld dette inn på e-post

 

Ynskjer de å bidra(hjelpe til på anna vis, registrer deg hjå Kviteseid Frivilligsentral

Vi kjem tilbake med tid og stad for innsamling.

På førehand takk!

  • Skjema
  • Tenesteomtale
  • Dokument
  • Lenker