Viktig tematikk

Undersøkinga kartlegg blant anna barn og unge sitt forhold til skule, vener og foreldre, helse, trivsel og livskvalitet, mobbing, regelbrot, vald og rus. Nytt i årets undersøking er at fleire av spørsmålene går direkte på korleis korona-pandemien kan påverke dei. 

Resultat frå Ungdata undersøkinga gjev ungdom moglegheit til å fortelje lokale politikarar og myndigheiter om korleis det er å vekse opp i kommunen. Resultata gjev også kommunen kunnskap om ungdom sine oppvekstsvilkår og informasjon til kommunen sitt arbeid med denne aldersgruppa. 

Årets undersøking er den fyrste felles Ungdata-undersøkinga i Vestfold og Telemark fylkeskommune. 28 000 ungdomar frå ungdomsskoler og vidaregående skular i heile fylket får tilbod om å svare på undersøkinga i perioden frå 1. mars til 22. mars. I tillegg deltek elever i 5. 6, og 7. klasse i 11 kommuner på Ungdata Junior.