Pasientar med alvorleg svekka immunforsvar kan bestille time

Innbyggjarar som allereie er anbefalt 3. dose av koronavaksina fordi dei har nedsatt immunforsvar, kan bestille time på tlf.: 350 68 264 eller 971 76 454, når dei har motteke brev frå spesialisthelsetenesta.
Les meir om 3. dose til deg med alvorleg svekka immunforvar ved å gå inn på denne linken:                                                                                                                                                          

Tilbyr 3. dose koronavaksine til personer med alvorlig immunsvikt - FHI

 

Info om 3. dose med koronavaksinen

Alle > 65 år får tilbod om 3. dose av koronavaksinen. Målet med oppfriskningsdoser er å auke beskyttelsen mot alvorleg sjukdom, og gje forlenga og betre beskyttelse mot nye variantar av viruset. Kviteseid kommune kjem til å tilby 3. dose til aldersgruppene > 65 år, så snart me er ferdige med influensavaksinering av målgruppene, det vil sei frå veke 46. Dei same aldersgruppene er i målgruppa for influensavaksine, og dei to vaksinene kan ein ikkje gje samtidig. Det skal gå minimun ei veke mellom influensa- og koronavaksina, og eit intervall på 6 månadar mellom andre og tredje dose av koronavaksina. Vaksineringa vil følgje same prioriteringsrekkefølge som ved fyrste dose, altså dei eldste og bebuarar på sjukeheim fyrst.

Rekkefølge blir følgande:

  • Bebuarar på sjukeheim og innbyggjarar > 85 år.
  • Innbyggjarar i aldersgruppa 75-84 år.
  • Innbyggjarar i aldersgruppa 65-74 år.   

Innbyggjarar i den aktuelle aldersgruppa vil få nærmare info om korleis ein gjeng fram for å bestille seg time for vaksinering.

Med beste helsing                                                                                                                                                        
Tone M. Heggtveit, Vaksinekoordinator