Før 1/12-20 er det bare lov til å gi vaksine til ein del av befolkninga, sjølv om det er ønskeleg at flest mogeleg vaksinerast i år.

Personar som bur i eller har fastlege i Kviteseid kan få vaksine i Kviteseid.

Dei som skal få vaksine før 1/12-20 er:

  • Gravide i 2. og 3.trimester, og gravide i 1 trimester med annen tilleggs risiko
  • Bebuarar i omsorgsboligar og sjukeheim
  • Alle frå fylde 65 år
  • Born og vaksne med:
  • Diabetes type 1 og 2
  • Kronisk lungesjukdom, hjerte- og karsjukdom, leversvikt eller nyresvikt
  • Kronisk nevrologisk sjukdom eller skade
  • Nedsatt immunforsvar som fylgje av sjukdom eller behandling av sjukdom (f.eks. kreft, HIV, reumatoid artritt og andre sjukdommar)
  • Svært alvorlig og/eller kronisk sjukdom, der influensa utgjer ein alvorlig helserisiko, etter individuell vurdering av lege
  • Helsepersonell som har pasientkontakt

Vaksina i år er gratis for alle med frikort, uten frikort er det ein egenandel på 50 kr.

I år må det bestillast time for vaksinering.

Bestill time på tlf. nr: 350 68250

Det blir vaksinering i stort lokale for fleire samtidig, viktig at dei som skal vaksinerast, må enkelt skaffe seg ein bar overarm.