Kviteseid kommune meldte til UDI at kommunen kan ta imot 20 flyktningar med atterhald om politisk godkjenning.  Fredag 18. mars  vart kommunen anmoda om å ta i mot 25 flyktningar. Seinare har me fått ein ny oppmodning om å ta i mot til saman 30 flyktningar.

Dei siste vekene har kommunen fått vendingar frå frivillige og ideelle organisasjonar som ynskjer å tilby bustad. Vi har registrert desse fortløpande og me er overvelda over gjestfriheten i kommunen, og per no har me meget stor kapasitet på inkvartering.

Kommunen ynskjer å kunne hjelpe menneskje på flukt, men for at dette skal gjerast på ein forsvarleg måte må vi og taka omsyn til kapasiteten innafor helsetenester, skule og barnehage.

Kommunen har ikkje hatt flyktningeteneste dei siste åra, og må difor byggje opp igjen ei organisasjon.

Dersom du vil hente flyktningar direkte til Noreg, så ber vi deg fyrst ta kontakt med kommunen for råd/rettleiing. Me gjer merksam på at ein må søkje og bli godkjent av kommunen og UDI for å bli privat mottaksplass.  Du finn meir informasjon på UDI og IMDI sine sider.

Poltiet har og oppretta ei informasjonsside som gjeld innreiseregistrering og asyl: Krigen i Ukraina - politiet.no

Om du ynskjer å hjelpe til som frivillig, registrer deg på: Frivilligsentralen i Kviteseid  eller du kan ringe til Cecilie Austjore Hosum  på tlf: 456 19 902.

Kjæledyr frå Ukraina, informasjon frå Mattilsynet:
Mattilsynet må registrere og kontrollere alle dyrene som kommer til Norge med ukrainske flyktninger. Dette gjør vi for å minimere risikoen for spredning av dødelige sykdommer, som rabies, til mennesker og dyr her til lands.
Mattilsynet ber om at alle kommuner som tar imot ukrainske flyktninger med dyr, forsikrer seg om at dyrene er registrert og kontrollert av Mattilsynet.
Dersom kjæledyrene ikke har blitt kontrollert ved grensepassering, er det utrolig viktig at kommunene, medhjelpere eller eierne av kjæledyret umiddelbart tar kontakt med Mattilsynet på telefon 22 40 00 00, når flyktningene ankommer kommunene de skal oppholde seg i.

For andre spørsmål ta kontakt med Vivi F. Smidesang, tlf. 928 04 695 / epost: vivi.feie.smidesang@kviteseid.kommune.no eller  Elisabeth Lid, tlf. 408 57 748 / epost: elisabeth.lid@kviteseid.kommune.no