Kommunen skal velje meddommarar til tre ulike utval:

  • Meddommarar til lagmannsretten – eitt utval for kvinner og eitt for menn, jf. domstolloven § 64
  • Meddommarar til tingretten – eitt utval for kvinner og eitt for menn, jf. domstolloven § 65
  • Meddommarar til jordskifteretten – eitt utval med like mange kvinner og menn, jf. jordskifteloven § 2-5

Kva er ein meddommar?

Ein meddommar er ein person utan juridisk utdanning som deltek i behandlinga av ei rettssak på lik linje med domstolen sine eigne dommarar (fagdommarar). Meddommarane spelar ei viktig rolle i rettssystemet vårt. Ifølge domstolslovas § 67 skal utvala av meddommarar vere allsidig samansett. Hensikta er at meddommarane skal representere alle delar av folket. Ein meddommar deltar i ca. 1-3 saker per år, men dette varierer. Ei sak kan vare frå ein halv dag til fleire veker. Ein meddommar deltar både i sivile saker og i straffesaker.

Kven kan vere meddommar?

Domstolslova §§ 70-72 gjer grundig greie for kven som kan og kven som ikkje kan veljast som meddommar. Den som blir vald må ha tilstrekkelege norskkunnskapar, og elles vere personleg eigna til oppgåva. I tillegg må vedkomande vere fylt 21 år og vere under 70 år, ha stemmerett og vere valbar til kommunestyret når perioden startar. Vedkomande må vere norsk eller nordisk statsborgar eller registrert i Folkeregisteret som busett i Noreg dei siste tre åra. Det blir også stilt krav til at meddommarane er lovlydige. Den som blir vald har i utgangspunktet både rett og plikt til å ta på seg vervet. 

Ynskjer innspel frå allmenta

Kviteseid kommune ynskjer med dette å utfordre allmenta til å kome med innspel. Kjenner du nokon du vil føreslå som meddommar? Send innspelet ditt skriftleg til kommunen via e-post post@kviteseid.kommune.no.

Fristen for innspel er 27.mars

Kontaktperson ved spørsmål

Ved spørsmål, ta gjerne kontakt med Tarjei Gjelstad på 95 42 31 15  eller tarjei.gjelstad@kviteseid.kommune.no 

Sjå gjerne www.domstol.no for meir praktisk informasjon om det å vere meddommar.