Kviteseid kommune har i samarbeid med Statens vegvesen opparbeid areal ved ny innkøyring til Kviteseid sentrum langs RV 41. Tomta har direkte tilgang frå RV 41 og har eit areal på  ca 1 300 m2. Området blir asfaltert og beplanta og skal vera ferdig våren 2025.

Tomta er ein del av “Reguleringsplan for Rv 41 Kvitsund gymnas – Kviteseidkrysset, g/s-veg,  PlanID 38212022003” .  Reguleringsformålet for tomta er “Energistasjon/vegserviceanlegg/servering/rasteplass (EV/SE/RP)” . Det er tillete å etablere energistasjon og vegserviceanlegg med ladarar, salslokale, drivstoffpumpeanlegg, vaskehall, servering/kiosk og bygningar/anlegg i tilknyting til det regulerte formålet. Lokalisering av funksjonar vert vurdert i byggesak.

På tomta vil det vera tilgang til straum samt kommunalt vatn og avløp. Reguleringsplan, skisser og føresegner ligg vedlagt.

Kommunen ynskjer å kome i dialog med interessentar i ei tidleg fase som ynskjer å etablere seg på området og drifte dette i samsvar med føresegnene . Det betyr at ein som ynskjer å etablere seg med aktivitet på tomta vil vera med å påverke vidare prosess. 

Frist for å melde si interesse er 30.april 2024. 

Kontaktperson er Tarjei Gjelstad, e-post: tarjei.gjelstad@kviteseid.kommune.no, tlf. 95241315. 

Reguleringsplan RV 41 Kvitsund gumnas - Kviteseid krysset.pdf

Planføreseg - forslag til mindre endring - 23.01.24.pdf

Planomtale mindre endring 230124.pdf

Endringer i kart_230124.pdf