Ope møte – omstilling i Kviteseid
Kviteseid kommune inviterer til ope møte rundt omstillingsprosjektet som no er heilt i startfasen.
Her blir det mellom anna kort informasjon om sjølve prosjektet, mini-debatt, og dessutan moglegheit for innbyggjarane til kommunen til å komma med innspel til arbeidet vidare.
Omstillingsprogrammet skal mellom anna bidra til å skape nye og sikre eksisterande arbeidsplassar, sikra eit robust og variert næringsliv, og dessutan utvikle bustadattraktiviteten. Programmet har ei varigheit på 3-6 år og kvart år får kommunen tilført midlar over statsbudsjettet (Telemark Fylkeskommune) til dette utviklingsarbeidet.
Møtet blir arrangert på desse tre stadene:
Tirdag 21. mai - Kviteseid – Waldenstrøm Kafé – kl 18.00 – 20.00
Onsdag 22. mai – Morgedal – Norsk Skieventyr – kl 18.00 – 20.00
Torsdag 23. mai – Vrådal - Handelslaget Café – kl 18.00 – 20.00
Finn arrangementet ditt HER!
Me sørgjer for ei enkel bevertning. Møt opp! Me ønskjer di meining!
Lurar du på noko, ta gjerne kontakt med prosjektleiar for omstillingsprosjektet, Vegard Johnsen, tlf: 90 50 69 51