Kjære alle saman

Då står eit nytt år og ventar på oss. Kva vil det bringe? Spanande er det, og me kjenner alle på eit håp for det nye året. 

Ynskje om trygg økonomi, god helse og ikkje minst fred på jord trur eg me alle kan samlast om. Men håpet kan også vera  endå meir personleg. Me kan håpe på ei endring eller eit mål, som nokon synest er heilt fjernt, men som for andre gjev ekstra driv. Håpet er viktig for oss menneske. Det driv oss. Me ser kanskje ikkje vegen, men målet er der. Så blir spørsmålet: Kva kan me som samfunn gjera slik at flest mogleg får håpet sitt oppfylt? Eg oppmodar til å vera gode med kvarandre og heie på kvarandre. Av og til kan det vera lite som skal til for at folk kjenner seg verdsett og sett. 

Med desse håpefulle orda, vil eg ynskje alle eit fredfullt og godt nyttår. 

Tarjei Draugedal

Ordførar