17.mai 2023

Gratulerer med dagen alle saman!

17. mai 1814 ble Norges grunnlov underskrevet av presidentskapet i riksforsamlinga på Eidsvoll. Grunnlaget for at Norge skulle kunne bli ein sjølvstendig stat vart lagt. Det skulle ennå ta nesten hundre år før Norge blei et heilt fritt land med eigen konge, men 17. mai markerer likevel startpunktet for det norske demokratiet. 

Me feirar ikkje nasjonaldagen med militærparader, som nokre andre land gjer, men med festkledde born og vaksne, som med flagg og hurrarop samlast til tog og feiring av nasjonaldagen i rundt i kommunen.

Me lev i eit fritt land kor me har frie val, ytrings frihet og likestilling, dette må me sette pris på og vere stolte av. Det er ikkje alle som har desse privilegia. Me må huske at me fortsatt lev i eit land med eit godt demokrati og at me kan gå til val kvart andre år (kommune/fylkesting og storting) og bruke røysteretten vår.

11. september i år er det kommuneval, bruk retten din til å påverke. Kommunestyret i Kviteseid har 17 medlemer, me nærmar oss slutten på enda ein kommunestyreperiode.

Medlemane i kommunestyret sit med ei stort ansvar og ulike ståstad i det politiske landskapet. Handlingsrommet blir fort slukt av lovpålagde oppgåver, når ynskje er større politisk frihet i bruken av budsjettet. Helse og oppvekst er viktige lovpålagte område, helse veit me kjem til å krevje meir av budsjetta i åra som kjem.

Kommunen skal ha gode tenester.

Me lever i eit land som er trygt og godt, sjølv om dei utfordringane i kvardagen og livet kan virke å være store og vanskelege nok. 17.mai er fin dag der me ser det gode samhaldet mellom menneske.

Det har gått mange tiår sidan me var i ein slik situasjon at friheta vår vart utfordra, men for litt over eit år sidan fekk me sjå at det å kunne feire nasjonaldagen sin fritt ikkje er for alle.

Då blei eit land i våras nabolag invadert, det er ein forferdeleg situasjon som råkar hardt. Kommunane blei fort utfordra for å kartlegge moglegheitene for å ta imot flyktningar, kommunestyret gjorde vedtak om å busette flyktningar, det er eg glad for me kunne bidrage med. Kommunestyret vedtok å busetje så langt 25 i 2022 og 30 i 2023.

Dei er på språkkurs i Seljord, arbeidstrening hos verksemder rundt i kommunen og ungar i skule og barnehage. Alle har bidrege, det har kome klede, møblar og ikkje minst husvære som kunne leigast ut. Det vises eit stort engasjement og omsorg frå alle i heile kommunen, det vil eg nytte anledninga til å sei Takk for.

Uansett vær stiller store og små opp på dagen festkledde med flagg, men og til dugnad for å forberede den store dagen. Det ligg mykje godt og viktig arbeid til grunn for ei slik stor feiring.  I Kviteseid kommune ser ein ei stor dugnadsvilje, dette er med på å halde hjula i gang ikkje bare til 17.mai, men og resten av året. Lokalsamfunnet er avhengig av at me stiller opp for kvarandre skal me klare oppgåvene som ligg føre.

Når ein ser lita over lag og organisasjonar som søker kulturmidlar frå kommunen, viser det mangfaldet i det friviljuge arbeidet. Her blir det gjort ein fenomenal innsats.

 

Barnehage, skule ja ungar i alle aldrar, heilt opp til dei eldste i familien er med på leikar og arrangement som er på 17.mai, dette skapar gode band mellom generasjonar.

Barnetog og hornmusikk er ein viktig del av feiringa, men og det å ut om morgonen å henge opp flagget er noko som betyr mykje. Eg vi og legge til at det kan vere fleire måtar å feire dagen på,  slik som fjelltur, hyttetur eller heime på verandaen.

I 2020 var barnetoget 150år.
Det fyrste barnetoget blei arrangert av Bjørnstjerne Bjørnson i Kristiania i 1870. Diktarane Henrik Wergeland og Bjørnstjerne Bjørnson var varme talsmenn for å gjere 17. mai til en nasjonal festdag for heile folket. For barnefamiliar kan det vere eit stress om morgonen med urolege barnebein når finkleda skal på, men gleda er  likevel stor når dagen er over og det kan summerast med kor mange is ein har ete eller leiken med vener gjennom dagen.

Eg ynskjer å avslutte med nokre linjer frå Nordahl Griegs "Til ungdommen». I lys av ungdommens engasjement for kloden vår og framtida, tenker eg diktet passer godt til slutt her. Så her kjem nokre linjer frå "Til ungdommen":

Til ungdommen

Edelt er mennesket,
jorden er rik!
Finnes her nød og sult,
skyldes det svik.

Knus det! I livets navn
skal urett falle.
Solskinn og brød og ånd
eies av alle.

Da synker våpnene
maktesløs ned!
Skaper vi menneskeverd,
skaper vi fred.

Takk for oppmerksomheten.
Då ynskjer eg dykk alle ein flott 17. mai feiring vidare.

 Gratulerer med dagen!!