Morgedal

17. mai i Morgedal

I år blir det diverre ingen tradisjonell 17. mai feiring i Morgedal. Men vi i 17. mai komiteen håpar de vil delta på tradisjonell natursti og limerick konkurranse.

Kl. 10.00 -16.00 – Natursti
Ta med deg heile familien , kanskje de møter på nokon andre som også er ute. Start og mål ved Norsk
Skieventyr – her kan de også levere inn limerick – Tema er « Morgedal hotell»

Vinnaren blir opplyst på Bui 18. mai.
Vel møtt kvar for seg!


Helsing 17. mai komiteen

Vrådal

17. mai i Vrådal

Kl. 08.00 - Flaggheising på skulen
Kl. 11.30 - 17. mai tog med bil, oppmøte parkeringsplassen på Straand hotel
Kl. 13.00 - Sentrum, alle syng " Ja, vi elsker", deretter vil me ha ein kahoot med flotte premiar.
Premiering av best pynta bil, og utdeling av is til ungane.

Hjartleg velkomen alle saman!
Helsing 17. mai komiteen 2020

 

Brunkeberg

17. mai i Brunkeberg

Flaggheising på Brunkberg oppvekstsenter kl. 08.00.

17. mai komiteen i Brunkberg ynskjer alle ein rektig fin feiring, sjølv om den blir annleis enn det vi er vande med.

Gratulerer med dagen!
Helsing 17. mai komiteen i Brunkberg