Kl. 08.00: Ordførar Bjørn Nordskog,  heisar flagget ved kommunehuset. Ida Marie Myklebust spelar «Ja, vi elsker dette landet» på kornett.
Ordføraren legg deretter krans ved Tormodstøtta.

Kl. 09.30: Kviteseid hornmusikk spelar "Fagert er landet" og "Kviteseidsongen" i Bryggjeparken. Forsangarar frå Ågapet.
Deretter speler korpset på Lundenjordet.

Kl. 10.00: Ord for dagen v/sokneprest Møyfrid Lunde på KOS, Kviteseid hornmusikk spelar. Forsangarar frå Unge Røyster.
Kviteseid hornmusikk held så fram til Midtsundtunet og Midtsundtoppen.

Ca. kl. 11.00: Kviteseid hornmusikk spelar Fedrelandssalmen ved Kviteseid kyrkje. Forsangarar frå Ågapet.

Kl. 13.00: Kviteseid hornmusikk spelar «Ja, vi elsker dette landet» ved Kulturhuset Sundvang. Forsangarar frå Ågapet.
Tale for dagen v/Vårin Noelle Kanstad-Wilson, Anna Kveven Sørensen og Isabelle Brekke Moore frå 10. klasse ved Kviteseid skule.

Ved Sundvang kan ein kome å site i bilen for å høyre på, og delta i songen. Dei andre arrangementa oppmodar me alle til fylgje heimefrå.

Me ynskjer alle ei retteleg god 17. mai-feiring. Ta vare på kvarandre og vis omsut ved å halde avstand.