«Rask Psykisk Helsehjelp Vest-Telemark (RPH) er eit tilbod til deg over 16 år som bur i Vest-Telemark. Målgruppa for tilbodet er deg som strevar med mild til moderat depresjon, angst, søvnvanskar og/eller begynnande rusproblem, og er tidleg i ei sjukdomsutvikling. Målet er å  gje eit tilbod i løpet av kort tid. Du tar sjølv kontakt, utan henvisning frå fastlege. Tilbodet er gratis. 

Du finner informasjon om oss på facebook «Rask Psykisk Helsehjelp Vest-Telemark. Der deler vi informasjon om behandlingstilbodet og om psykiske helseplager som er vanlege hos mange. Du finner og informasjon om oss på kommunens nettsider. 

Du er varmt velkomen til å ta kontakt.»