I denne veka byrjar me å bruke programmet Remin,  slik at ein sjølv kan bestille seg time til vaksinering. OBS! Dette gjeld dei som fått ein SMS med eigen link til bestilling. Desse kan bestille seg time til vaksinering i fyrste omgang til onsdag 30. juni.

Til info fungerte ikkje denne linken optimalt i helga, då det visar seg at Kviteseid kommune ikkje ligg inne når ein skal velje kommune, og dermed er det ikkje mogleg å bestille nokon time heller. ReMin jobbar med å løyse saka, og me håpar det er i orden i løpet av dagen i dag. 21.06.21. 

De andre som ventar på dykkar tur, så kjem det no ein SMS, slik at de kan bestille time etter kvart. I veke 26 reknar me med at alle i prioriteringsgruppe 8, det vil sei alle i alderen 55-64 år, har fått tilbod om si fyrste dose med vaksine.

I veke 27 vil alle i alderen 45-55 år bli innkalla til vaksinering. Me startar med dei som er født i 1966, og jobbar oss nedover i aldersgruppene.

Med beste helsing                                                                                                                                                       

Tone M. Heggtveit, Vaksinekoordinator