Kommunen skal sørgje for å samle inn hushaldsavfall (tvungen renovasjon). Hushaldsavfall er rekna som avfall frå private hushald, òg større gjenstandar slik som inventar. Stativ og liknande blir sette opp slik kommunen avgjer. Farleg avfall skal ikkje blandast med vanleg hushaldsavfall, men leverast på eige mottak. Det finst òg eigne returordningar for bestemte typar avfall. Kommunen kan etter søknad frita bestemte eigedommar frå den kommunale innsamlinga.

Det er tvungen renovasjon i Kviteseid. For å løyse dei praktiske oppgåvene er det oppretta eit interkommunalt selskap i Vest-Telemark - RENOVEST IKS.

For å bidra til eit godt miljø skal det skje ei kjeldesortering av avfallet. Dette skjer dels hjå deg som kunde, dels gjennom containarar som er plassert ulike plassar i kommunen og dels gjennom avfallsplassen som ligg på Bunkeberg.

Som kunde får du kvart år utdela ein kalender som viser tømetidspunkt mv. På heimesida til Renovest IKS kan du lese det du treng å vite om t.d. opningstider, sorteringsrettleiing mv.

Her blir det gjeve eit oversyn over dei ulike abonnementstypane:

Vanleg abonnement
Vanleg husstand får eit standardabonnement som inneheld fylgjande:
1 restavfallsdunk
1 papirdunk
1 matavfallsdunk 
+ naudsynt mengde bioposar til matavfall og sekkar til plast.

Hentefrekvens: Restavfall kvar 14. dag. Papir/papp og plast kvar 14. dag. Matavfall kvar 14. dag i perioden sept.-mai, og kvar veke i juni-juli-august.

Miniabonnement
Utstyr som for vanleg abonnent.

Hentefrekvens: Restavfall kvar 4. veke. Papir/papp og plast kvar 4 veke. Matavfall kvar 14. dag i perioden sept.-mai og kvar veke i juni-juli-august.

Abonnement med heimekopostering
Husstand med heimekoplstering får eit abonnement som inneheld fylgjande:
1 restavfallsdunk
1 papirdunk
+ naudsynt mengde sekkar til plast.

Standard hytteabonnement
I Kviteseid er det innført tvungen renovasjonsordning for hytteeigarar. Ordninga skal sikre at avfall frå hytteeigarar vert tatt hand om på ein forsvarleg måte.
Ordninga gjev hytteeigarar rett til å nytte containere som er plassert på forskjellige plasser i kommunen. Kart over dette kan du få på teknisk avdeling.

Større abonnentar
Eigedomar, bedrifter, kontorer som har større avfallsmengder kan få utlevera plastdunkar på hjul. 3 stk. med dei same fraksjonane som skal hentast hos hushaldningsabonnentane.
Storleiken på kvar dunk må bestemmast utifrå avfallsmengda.

NB! Innsamling fylgjer same køyrerute som for vanleg abonnent.

Storabonnementar
Eigedomar, verksemder og kontor som har større mengder forbruksavfall og der plastdunkar blir for små må nytte container. Desse abonnentane må kjøpe/leige container sjølve og gjera avtale direkte med renovatør. Det kan også gjerast kombinasjonsløysingar med dunkar og container.

Renovasjonsgebyret er fastsett i kommunal forskrift.