SFO er eit tilbod for barn på 1.-4. trinn og elevar på 5.-7. trinn med særskilte behov. Det er tilbod om SFO både på Kviteseid skule og Brunkeberg oppvekstsenter. På onsdagar (heil dag på SFO grunna skulefri) er alle samla på Kviteseid skule. 

Du søkjer om plass på SFO i Visma foreldreportal. Denne finn du her: Innlogging Visma foreldreportal. Du loggar inn via ID-porten. Ta kontakt med skulen eller SFO om du har spørsmål kring dette. Du søkjer på nytt for kvart skuleår. 

Frå 01.08.20 har det kome to moderasjonsordningar i SFO. Dei eine er for barn på 1. og 2. trinn. Då skal ein ikkje betale meir for ein SFO-plass enn 6 % av hushaldninga si samla inntekt. Den andre moderasjonsordninga gjev gratis SFO for barn på 5.-7. trinn med særskilte behov.