Er du skogeigar, kan du få tilskot til nyplanting på hogstfelta. Tettare planting på eksisterande skogareal er eit tiltak som på lang sikt gir auka CO2-fangst. Fleire planter gir betre fordeling av planter på arealet og betra moglegheit for å velje dei beste plantene til framtidstre. Det fører til auka skogproduksjon og betre tømmerkvalitet.

Dette er ei støtteordning til tettare nyplanting og suppleringsplanting etter hogst på eksisterande skogareal. Målet er å auke talet på skogplantar ved forynging av eksisterande skogareal.

Alle skogeigarar som har meir enn 10 daa produktiv skog, og som har oppfylt kravet om minimum utplantingstal, kan søkje om tilskott.

Målgruppe:
Skogeigarar

Vilkår:
Alle skogeigarar som har meir enn 10 daa produktiv skog, og som har oppfylt kravet om minimum utplantingstal, kan søkje om tilskott.

Lovar og retningsliner:
Sjå § 4 i forskrift om miljøtiltak i skogbruket og § 5 i forskrift om berekraftig skogbruk

Søknadsprosessen:
Søknad om tilskott blir registrert digitalt via ‘Skogfond på nett’, som alle skogeigarar har tilgang til via Landbruksdirektoratet si hjemmeside. Søknad skal du registrere så snart som råd etter at tiltaket er avslutta og faktura er teken imot.

Som eit alternativ til digital registrering kan du levere søknad om tilskott på papir til skogbruksetaten i kommunen. Dette skal skje på skjema LDIR-909, og med søknaden skal du levere kopi av faktura og eit kart som viser kor tiltaket er gjennomført.

Spørsmål og svar om dette tilskottet  finn du på landbruksdirektoratet.

Søknadsfrist:
Frist for å levere søknad til kommunen er 1. august for vårplanting og 7. november for haustplanting.

Høve til å klage:
Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Klagen sender du til den instansen som har gjort vedtaket. Før opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Klageinstans er Fylkesmannen for vedtak gjort av kommunen og Landbruksdirektoratet for vedtak gjort av Fylkesmannen. Før klagen blir sendt dit, skal den instansen som gjort vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det.