Kviteseid kommune har teke i bruk Visma flyt skule som administrasjonssystem. For deg som føresett, tyder det at du etter kvart vil kunne få utført fleire tenester digitalt i ein foreldreportal. I fyrste omgang vil vi starte med å ta i bruk portalen til søknad om plass på SFO. For å søke om plass for skuleåret 2020-2021 går du inn på https://skole.visma.com/kviteseid Denne lenkja ligg også ute på heimesidene under kvar skule. Du loggar inn med ID-porten, det vil seie bankbrikke eller bankID på mobil. Ta kontakt med skulen, om du har spørsmål.