Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
A A A

Statlege midlar til Kviteseid kommune

Kviteseid kommune har motteke kr 1 400 000 til lokalt næringsliv

Publisert
Logo

Kviteseid kommune har fått tildelt kr 1 400 000 frå staten. Dette er eit tilskot til kommunar som er hardt ramma av høg arbeidsledigheit som følgje av Covid-19. Midlane skal gjere kommunen i stand til å leggje til rette for auka aktivitet, sysselsetting og verdiskaping basert på lokale utfordringar, behov og potensiale. Målgruppa er bedrifter og næringsaktørar. Midlane skal nyttast til bedriftsretta støtte, og til andre næringstiltak som kommunen meiner er viktig for å motverke negative verknader av koronautbrotet, kor ein vektlegg tydinga for arbeidsplassar, verdiskaping og økonomisk vekst.

Kviteseid kommune vil ha ei sak til kommunestyret 3. september kor ein vedtek kriteria for tildeling lokalt. Etter dette blir det mogleg å søkje ordninga.

Med denne gla-meldinga ynskjer vi alle ei GOD SOMMAR!