Vedlegg

 

Stenging av Kyrkjevegen i Brunkeberg

 

Faktiske tilhøve

Kyrkjevegen er ein kommunal veg som går frå Rv41 gjennom Brunkeberg sentrum og til E134. Det er fastbuande langs vegen samt at den private Omtveitvegen er kopla på. Vegen fekk vedtak om  «Forbudt for lastebil»  i 1990 og «Forbudt for motorvogn» i 1998, begge forboda gjelder gjennomkøyring. Vegen har fartsgrense 50 km.  Ved gravferder på Brunkeberg kyrkje med stor deltaking blir den eine vegbanen nord for kyrkja bruka til parkering.

Sjølv med forbodsskilt blir Kyrkjevegen bruka av fleire enn dei som bur langs vegen og Omtveitvegen. Bilistar som skal til/frå Rv 41 retning Kviteseid og vestover på E134 brukar vegen i staden for å bruke det ordinære krysset. Resultatet er unødig trafikk på den kommunale vegen som gjer strekninga trafikkfarleg for gåande/syklande og dei som bur langs vegen. Det er òg stor risiko for trafikkuhell når bilistar som kjem frå Kyrkjevegen skal inn på E134 vestover.

Det ynskje frå dei som bur langs Kyrkjevegen at vegen blir fysisk stengt for gjennomkøyring.

Vurdering

Kviteseid kommune er godkjent som trafikksikker kommune og ynskjer å gjennomføre tiltak for å betre trafikktryggleiken for innbyggjarane og gjennomreisande i kommunen. I kommunen sin trafikktryggleiksplan 2019-2025 er det lista opp tiltak for å betre trafikktryggleiken. I punkt 5.2.1, fysiske tiltak, er det forslag om å fysisk stenge Kyrkjevegen for gjennomgangstrafikk. Det er vidare i planen punkt 8.1, prioriteringar, sett opp som eit tiltak i 2020.

Det er vegeigar som må gjere vedtak jf. forskrift om offentlege trafikk skilt §2. Det betyr at det er kommunestyret som skal gjere eit endeleg vedtak.

§ 2.Gyldighet, virkeområde m.m.

  1. Offentlig trafikkskilt, vegoppmerking og trafikklyssignal er gyldig bare når de er plassert etter vedtak av vedkommende myndighet. Offentlig trafikkskilt gjelder etter sitt innhold fra det øyeblikk det er satt opp og avdekket.

For å betre trafikktryggleiken vil det vera fornuftig å fysisk stenge Kyrkjevegen for all gjennomkøyring. Tilkomst til dei som bur langs Kyrkjevegen og Omtveitvegen kan skje frå Rv41 ved Brunkeberg kyrkje.

Vedtaket bør bli lagt ut på høyring. Frist for tilbakemelding blir 3.april og endeleg handsaming blir  i kommunestyret 23. april.

Rådmannen si tilråding

Formannskapet vedtek fysisk å stenge Kyrkjevegen i Brunkeberg for all gjennomfartstrafikk. Bom blir sett opp i krysset til E134. Vedtaket blir lagt ut til høyring med frist 3. april.


Saksprotokoll i Formannskapet 2019-2023 - 27.02.2020

Behandling i møtet:

Egil Jøsendal, MDG ba formannskapet om å vurdere habiliteten hans. Han blei funnen gild av formannskapet. Rådmannen si tilråding vart samrøystes vedteke.

Vedtak:

Formannskapet vedtek fysisk å stenge Kyrkjevegen i Brunkeberg for all gjennomfartstrafikk. Bom blir sett opp i krysset til E134. Vedtaket blir lagt ut til høyring med frist 3. april.