Det er to indikasjonar på at du skal teste deg:

  • Du har symptom på korona
  • Du er nærkontakt eller har fått beskjed av helsemyndigheitene i kommunen om å teste deg

Det er ingen grunn til å teste seg fleire gonger enn du har fått beskjed om. Følg nasjonale og lokale retningslinjer.

Du kan hente test på legekontoret på vekedagar mellom kl. 08:15 – 15:00, telefon: 35 06 82 50. Eller på legevakta som er open til 23:00 kvar dag, telefon: 35 05 00 05.

Reglane for kven som skal teste seg er:

  • Alle husstandsmedlemmer til ein med positiv Covid-19 test, skal teste seg med ein gong, og vere i karantene til negativt svar ligg føre. Dette kan gjerast med hurtigtest eller PCR.
  • Vaksne husstandsmedlemmar som ikkje held seg heime, testar seg dagleg i sju dagar etter siste eksponeringsdag (siste dag ein har vore utsatt for smitte). Dette er uavhengig av vaksinasjonsstatus.
  • Andre nærkontaktar som ikkje er husstandsmedlemmar skal teste seg med ein gong dei får beskjed om at dei er nærkontakt, og være særskilt merksam på symptom dei neste 10 dagane. Det er ikkje behov for nye testar i denne gruppa viss ikkje dei får symptom.

Her finn du lenkje til video som demonstrerer  bruk av hurtigtest. 

Takk for at du bidreg til ein god handtering av pandemien i kommunen vår! 

Helsing 

Kine Jordbakke
Kommuneoverlege