Sjå meir på www.domstol.no om kva dette går ut på og kva krav det er til dei som blir valde.
Innspel sender de som e-post til postmottak@kviteseid.kommune.no innan 15.03.2020.

Meddommarar til lagmannsretten og tingretten

Kommunane skal etter kommunevalet hausten 2019 velje nye meddommarar til tingretten. Meddommarar blir valt av kommunestyret. Det er ulike utval lekdommarar for lagmannsrettane og tingrettane, og det er ulike utval for menn og kvinner.

Utvala er felles for sivile saker og straffesaker. Kommunen har ansvaret for å føre lister over utvala. Lekdommarar blir utnemnde for fire år om gongen, gjeldande frå 01.01.2021. I Kviteseid kommune skal det veljast åtte kvinner og åtte menn til Vest-Telemark tingrett Kviteseid.

Vervet som meddommar er ein borgarplikt. Man bør vere klar over at vervet kan bli tidkrevjande.

Den som blir vald som meddommar, har i utgangspunktet både rett og plikt til å ta på seg vervet. Visse persongrupper kan ikkje veljast, mellom anna dommarar, tenestemenn i politi og påtalemakt, og praktiserande advokatar. I tillegg er visse straffedømde personar utestengde frå val. Vidare har somme grupper rett til å krevje fritak frå val, mellom anna legar og jordmødre, visse tenestemenn i samferdselssektoren og personar som har fylt 65 år. Alle som ikkje er utestengde, kan veljast så sant dei har fylt 18 år, er truverdige og kan veljast ved kommuneval.

Meddommarar til jordskifteretten

Kviteseid kommune skal og velje 6 meddomarar til Øvre Telemark jordskifterett. Dei som blir valde skal vere kunnige i dei sakene som jordskifteretten vanlegvis handsamar i kommunen, og dei må kunne ta seg fram i terrenget då jordskifteretten ofte er ute på synfaringar.

Krav til den som kan veljast går fram av domstollova §§ 70 – 72.

I tillegg skal kommunen fremme forslag til skjønnsmedlemmer som veljast av fylkestinget.