Seksjonsleiar frå RUSinfo, Sturla K. Naas Johansen, kjem for å snakke om desse tema:

  • Ungdom og rusbruk med vekt på Vest-Telemark 
    (Ungdata + lokal spørjeundersøking o.l.)
  • Foreldrerolla i et forebyggande perspektiv
    «Korleis snakkar du med barnet ditt om rus?»

Tonje Nordli, «Er du salgbar»:

Tonje Nordli kjem for å snakke om ungdom og sosiale media. 
Ho  kallar foredraget sitt «Er du salgbar?»

Tonje har jobba over 15 år med ungdom og psykisk helse, både i barnevern, incestsenter og skuleverket. Ho har stor kunnskap om kva som finnast av sosiale plattformar. 

Korleis nyttas dei? Kva er konsekvensane? Kva er det ungdommen opplever på sosiale media? Du vil få mange historier frå verkelegheita, og det er ei verkelegheit som er ganske så fjern for mange av oss vaksne. 

Ho har ei unik evne til å formidle på en lettfatteleg og engasjerande måte, du vil ikkje angre på at du brukte litt tid på dette foredraget, dette er lærerikt! Målet hennar er ei bevisstgjering, og ei haldningsendring til kva vi gjer, og kva vi vel å ikkje gjere.