LEDIG STILLING
Ved eining for funksjonshemma er følgjande stilling ledig: Vernepleiar, 100 % fast stilling, med oppstart snarast.
Stillinga er i bustad for menneske med utviklingshemming, og er i turnus med arbeid kvar 3.helg, 35,5 t/v.
Arbeidsoppgåver:
• Fremje målretta og metodisk miljøarbeid, samt delta i brukaren sine daglege aktivitetar og gjeremål
• Legge til rette for at brukaren meistrar eigen kvardag
• Medverke til fagutvikling og kompetanseheving i eininga
• Samarbeid, rettleiing og opplæring av andre tilsette
• Koordinator for ein eller fleire brukarar
• Legemiddelhandtering
• Pårørandesamarbeid
• Lov om kommunale helse – og omsorgstenester kap.9
Kvalifikasjonar:
• Norsk autorisasjon som vernepleiar
• Ynskje om erfaring frå arbeid med menneske med utviklingshemming, målretta miljøarbeid og åtferd som utfordrar • God digital kompetanse
• Førarkort kl. B
• God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
Personlege eigenskapar:
• Ha gode kommunikasjons og samarbeidsevner
• Evne til å ta ansvar, vere sjølvstendig og trygg i tenesterolla
• Halde seg fagleg oppdatert
• Være fleksibel, strukturert og løysningsorientert
• God rollemodell
• Glad i aktivitet og kreativitet
Ved tilsetjing må politiattest leggast fram, ikkje eldre enn 3 månader.
Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetting. Kommunen legg vekt på: psykososialt arbeidsmiljø, samarbeidsevner og mellommenneskelege arbeidstilhøve. Kommunen sitt administrasjonsspråk er nynorsk.
Lenke til elektronisk søknadsskjema: Søknad på stilling (VT-1) (kf.no)
Attestar og vitnemål vil bli etterspurd i samband med intervju. Spørsmål kan rettast til: einingsleiar Unni E. Øygarden på tlf. 902 51 683
Søknadsfrist: 10.05.24