Dei menneskeskapte klimaendringane vil føre til alvorlege og irreversible konsekvensar for dyr, natur og menneske over heile kloden. Endringane skjer allereie. Dei er synlege i Noreg. Me må førebu samfunnet og tilpasse oss eit klima i endring.

Kampen mot klimaendringane krev at me saman handlar kraftfullt for å kutte utsleppa av klimagassar i ein global dugnad.
(Sitat: Regjeringas klimaplan. Meld. St. 13 (2020–2021)

Kommunane i Noreg har eit ansvar for å gjennomføre tiltak som gje redusering i kommunens klimagassutslepp. Tiltaka skal skje i eigen drift og kommunen skal motivere verksemder og innbyggjerar til å gjennomføre eigne tiltak. 

Eit viktig tiltak er det felles arbeidet i Vest Telemark om ein felles klimaplan. Det betyr at ein kan tenke samla tiltak innafor regionen og ikkje bare i den enkelte kommune. Kommunestyret i Kviteseid kommune i sak 39/22, 20.juni 2022,  ein felles klimaplan for kommunane i Vest-Telemark. Det betyr at vedtaket forpliktar kommunen til å fylgje opp klimaplanen og målsettinga i planen.

Felles klimaplan for Vest-Telemark kan ein laste ned her.

Kviteseid kommune har laga eit klimabudsjett for perioden 2023 - 2026.Gjennom klimabudsjettet får kommunen eit verktøy for å styre mot utslippsmåla. Klimabudsjettet sikrar at kommunen sett i gang og finansierer tiltak for å redusere utslepp. Ansvaret for oppfølging av tiltaka er tydelig definert. Gjennom regelmessig rapportering på tiltak, målast resultat og framdrift opp mot mål for utslippsreduksjon.

Kommunens klimabudsjett kan ein laste ned her PDF document ODT document

Kommunens klimabudsjett i tal kan ein laste ned her

Utgangspunktet for klimabudsjettet er kommunens klimarekneskap. Sidan 2020 har Kviteseid kommune utarbeid klimarekneskap. Alt er ikkje på plass men det er ein god start.

Kviteseid kommune sitt klimarekneskap 2022