Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
A A A

Skriftleg sidemål - fritak frå opplæring/vurdering med karakter

  • Generelt om tjenesten

    Tenesteomtale

    Som elev kan du søkje om å få fritak frå opplæring eller fritak frå vurdering med karakter i skriftleg sidemål. Dette er ikkje det same.

    Du kan søkje om å få fritak frå opplæring og vurdering med karakter i skriftleg sidemål dersom du

    • får opplæring i teiknspråk, samisk, kvensk eller finsk
    • er minoritetsspråkleg og får særskild språkopplæring (det vil seie særskild norskopplæring, morsmålsopplæring og/eller tospråkleg fagopplæring)

    Fritak frå vurdering med karakter i skriftleg sidemål kan du søkje dersom du

    • har hatt rett til særskild språkopplæring på 8., 9. eller 10. årstrinn
    • på grunn av sjukdom eller skadd e.l. har problem med å greia begge målformene
    • har gådd 8., 9. eller 10. trinn på ein internasjonal- eller utanlandsk skule og har motteke opplæring etter læreplan i grunnleggjande norsk for språklege minoritetar eller annan jamngod læreplan.

    Viss du får opplæring etter individuell opplæringsplan eller er i eit innføringstilbod, avgjer foreldra dine eller deg sjølv om du skal ha vurdering med karakter i skriftleg sidemål. Valretten gjeld berre dersom enkeltvedtaket om spesialundervisning omfattar skriftleg sidemål.

    Har du fått fritak frå vurdering med karakter i skriftleg sidemål, skal du likevel delta i opplæringa. Du skal òg ha vurdering undervegs av læraren din. Vurderinga skal seie noko om kompetansenivået ditt i faget og kva du må gjere for å bli betre. Uansett type fritak så tyder ikkje det at du får fritak frå å lese tekster på sidemål. 

    Målgruppe

    Elevar i grunnskule og vidaregåande skule

    Brosjyrer, dokumenter, kart og lignende

    aaa
  • Lover og forskrifter

    Sjå forskrift til opplæringslova §§ 1-11 og 3-19.

    Forskrifter

    Forskrift til opplæringslova

    Retningslinjer

    Fritak fra opplæring

    ___
  • Skjema

    Rettleiing - korleis få utført

    Du sender søknad om å bli friteken frå opplæring i skriftleg sidemål til rektor på den skulen du går på. Det same gjeld dersom du søkjer om fritak for vurdering med karakter.

  • Saksbehandling

    Klagemulighet

    Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage innan ein frist på tre veker frå du fekk det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du vende deg til skulen. Dersom skulen lèt avgjerda stå, blir saka send vidare til statsforvaltaren (for elevar i grunnskulen) og klagenemnda i fylkeskommunen (for elevar i vidaregåande skule), som avgjer om klagen skal takast til følgje.

  • Kontaktinformasjon

    Kontaktavdeling

    Avdeling:Sektor for skule og barnehage
    Postadresse:Kviteseidgata 13 3850 KVITESEID
    Besøksadresse:Kviteseidgata 13 3850 KVITESEID
  • Andre opplysningar
    Oppdatert:
    2018-12-03 09:12