Etablerarprøven skal sikre at den som er ansvarleg for serveringsstaden, har dei nødvendige kunnskapane om økonomistyring og lovgjeving som har noko å seie for drifta. Kommunen skal halde prøven innan to månader etter at han har tatt imot melding om at du ønskjer å avleggje prøven.

Etablerarprøven er ein fleirvalsprøve. Du vil få 90 minutt til å svare på prøven. For å klare prøven må 40 av 50 svar vere rette. Ta med gyldig legitimasjon.

Målgruppe
Dagleg leiar i ei verksemd som har eller søkjer om serveringsløyve

Brosjyrer
Læremateriell til etablererprøven for serveringsvirksomhet - VINNs nettbutikk

Lovar og retningsliner
Sjå spesielt serveringslova § 5 Krav om etablererprøve

Serveringsloven
Forskrift om etablererprøve - serveringssted
Etablererprøven i serveringsloven - endring av lovlige hjelpemidler
Orientering om etablererprøven (rundskriv)