Skulen legg vekt på tverrfagleg samarbeid og gode, trygge relasjonar mellom barn og vaksne. I løpet av året gjennomfører skulen ulike tverrfaglege prosjekt og dei samarbeidar tett med barnehagen om overgang frå barnehage til skule. Hausten 2019 set lærarar og elevar i gang med læringsbrett for å legge ennå betre til rette for kreativitet, god kommunikasjon og varierte arbeidsoppgåver. 

Barn ute vinter

Skulefritidsordning (SFO) og leksehjelp

SFO er eit tilbod til alle elevane på 1.-4. trinn. SFO skal vera ein stad for leik og læring, og SFO legg til rette både for frileik inne og ute og organiserte aktivitetar. SFO serverer eit måltid kvar dag. På onsdagar, som er heildagstilbod på SFO, er SFO for alle elevar i kommunen på Kviteseid skule. 

Opningstider for SFO

Måndag - tysdag: 

Onsdag: 07:30-16:45 (på Kviteseid skule)

Torsdag-fredag: 

Leksehjelp, for elevane som melder seg på dette, er i SFO-tida. Leksehjelp er eit tilbod til elevar på 2.-4. trinn. Leksehjelp er eit gratistilbod. 

Du finn søknadsskjema til SFO nedst på denne sida under "Skjema".