Kviteseid skule har hatt språk som satsingsområde saman med resten av oppvekstsektoren og er ein språkkommune. Skulen har læringsbrett til alle elevar og lærarar og digitale tavler i alle klasserom. Kviteseid skule har vore med i satsinga "Inkluderande barnehage- og skulemiljø" i regi av utdanningsdirektoratet og jobbar kontinuerleg for at alle elevar skal trivast og ha eit trygt og godt skulemiljø. 

Som alle andre skular jobbar Kviteseid skule med å implementere læreplanen Kunnskapsløftet 20. I det høve er fokus på læring gjennom tverrfagleg samarbeid og å integrere dei tre tverrfaglege tema (livsmeistring og folkehelse, demokrati og medborgarskap og bærekraftig utvikling) i skulekvardagen. 

Jente i leikeapparat 3

Skulefritidsordning (SFO) og leksehjelp

SFO på Kviteseid skule held til i nyoppussa lokale i same bygning som 1.-4. trinn. SFO skal vera ein stad for leik og læring, og SFO legg til rette både for frileik og organiserte aktivitetar. SFO serverer eit måltid kvar dag. SFO er open kl. 07:30 - 08:00 og kl. 13:50 - 16:45. 

Det er SFO som organiserer leksehjelp. Leksehjelp er eit tilbod til elevar på 3.-6. trinn. Leksehjelp foregår på måndag og torsdag og er eit gratistilbod. 

Kontakt: 41 42 77 96

SFO-leiar: Bente Færstaul 

Vedtekter for SFO i Kviteseid kommune (Revidert 2021) 

Du søkjer om plass på SFO i Visma foreldreportal. Denne finn du her: Innlogging Visma foreldreportal. Du loggar inn via ID-porten. Ta kontakt med skulen eller SFO om du har spørsmål kring dette. 
Søknadsfrist for hovudopptak er 1. april. Alle søknadar vil bli handsama etter fristen. 

SFO har ulike moderasjonsordningar for redusert foreldrebetaling. Du kan lese meir om ordningane her. 
Dersom du ynskjer å søke om redusert betaling, gjer du dette i Visma sin foreldreportal. 
Her finn du prisar for SFO i Kviteseid kommune. 

Frå hausten 2021 får SFO for fyrste gong ein rammeplan dei skal følgje. Dei tilsette på SFO kjem derfor til å jobbe med å implementere denne framover. Du kan lese rammeplanen her. 

Årsplan for SFO skuleåret 2023/2024 kan du lese her : Årsplan SFO 2023-2024.pdf